Marokko debuterte i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland med songen «Bitakat Hob», framført på arabisk av Samira Bensaïd. Songen er skriven av 'Abd Al-'Atī Amyna og Malw Rawan. Bidraget vart valt internt av kringkastaren Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision (SNRT).

Songen starta som nummer fem i finalen etter Luxembourg med «Papa pingouin» av Sophie & Magaly og før Italia med «Non so che darei» av Alan Sorrenti. Bidraget fekk sju poeng frå Italia og enda på 18. plass av totalt 19 bidrag. Det er den fyrste og førebels einaste gongen Marokko, og eit arabisk land, har delteke i tevlinga.

Land Marokko gav poeng til

12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng 5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

Land Marokko fekk poeng frå 12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng 5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Morocco in the Eurovision Song Contest 1980» frå , den 11. november 2012.

Kategori:Marokko i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest 1980 Kategori:1980 i Marokko