1766 (romartal MDCCLXVI) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.

Hendingar mini|Spinettspielerin (1766) av J.C.W. Beyer. Utlandet 1. januar: Bonnie Prince Charlie blei den nye britiske tronkrevjaren frå Stuart-familien og samlande symbol for jakobittane. 14. januar: Kristian VI vart ny konge over Danmark og Noreg då faren Fredrik V døydde på Christiansborg slott i København 23. februar: Den polske kongen Stanisław Leszczyński døydde. August III etterfølgde han som konge av Polen og storfyrste av Litauen. Lorraine blei fransk att ettersom kongen hadde vore den siste hertugen av Lorraine. 18. mars: Den amerikanske revolusjonen. Det britiske parlamentet avskaffa Stempelloven av 1765, som hadde vore særs upopulær i dei britiske koloniane i Amerika. Samstundes vedtok parlamentet The American Colonies Act 1766, som sa at parlamentet hadde same autoritet i koloniane som heime i Storbritannia. 29. november: Mozart-familien kom tilbake til Salzburg etter ein treårig turné gjennom Vetst-Europa. 2. desember: Sverige innførte verdas første trykkefridomsordning, utforma av presten Anders Chydenius. Bortsett frå skrifter knytt til religion eller styringa av staten blei sensuren oppheva og fri politisk diskusjon tilleten. Offentegheitsprinsippet blei også innført i svensk politikk.

Noreg Andre og siste bandet av Hans Strøm sitt topografiske verk Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør kom ut. Boka vart trykt i Sorø i Danmark.

Fødde mini|upright|Carsten Tank

4. februar: Thomas Malthus, britisk nasjonaløkonom 14. februar: Halvor Hoel, norsk politikar 10. mars: Andreas Krebs, norsk militær 22. april: Germaine de Staël, fransk forfattar 24. april: Carsten Tank, norsk forretningsmann 29. mai: Baltzar von Platen, svensk statthaldar 6. juli: John Russell, britisk politikar 6. september: John Dalton, britisk kjemikar og fysikar 23. september: Ole Olsen Evenstad, norsk gardbrukar 12. desember: Nikolaj Karamzin, russisk forfattar

Døde

14. januar: Fredrik V, kong av Danmark og Noreg frå 1746 23. februar: Stanislaw Leszczynski, konge av Polen 9. mai: Thomas Arthur de Lally-Tollendal, greve av Lally, fransk krigar av isk avstamming, avretta 7. november: Jean-Marc Nattier, fransk målar 9. november: Unico Wilhelm van Wassenaer, nederlandsk komponist

Kjelder