1773 (romartal MDCCLXXIII) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein tirsdag i den julianske kalenderen. Hendingar mini|Akvarell frå 1773 som syner The Green Dragon, der ein planla «Teselskapet i Boston». Utlandet 8. mai: Opprør i Egypt mot mamelukksultanen Ali Bey, som blei drepen i opprøret. 21. juli: Pave Klemens XIV oppløyste jesuittarordenen. 29. juli: Jordskjelv i Guatemala med fleire etterskjelv ut året. Byen Antigua Guatemala blei lagd i ruinar, og ein vedtok å flytta hovudstaden i landet til La Nueva Guatemala de la Asunción.

16. desember: «Teselskapet i Boston», som var opptakten til den amerikanske frigjeringskrigen, fann stad i den britiske kolonien i Nord-Amerika som skulle bli til USA.

Kaptein Cook oppdaga øygruppa som seinare fekk namnet Cookøyane.

Noreg Hungersnaud på Austlandet. 14. desember: Norges geografiske oppmåling blei stifta. I 1986 endra det namn til Statens Kartverk. Gruvefirmaet Blaafarveværket på Modum vart stifta. mini|Jacob Aall vart fødd 27. juli 1773. Måleri av Jacob Munch

Fødde

9. februar: William Henry Harrison, president i USA 15. mai: Klemens von Metternich, austerriksk statsmann 23. juli: Thomas Brisbane, skotsk astronom og guvernør av New South Wales 27. juli: Jacob Aall, norsk politikar, industrimann og forfattar 6. oktober: Ludvig Filip av Frankrike, den siste kongen av Frankrike 21. desember: Robert Brown, britisk (skotsk) botanikar og vitskapsmann

mini|Johan Ernst Gunnerus døydde 25. september 1773 Døde

8. mai: Ali Bey Al-Kabir, sultan av Egypt (drepen) 27. juni: Mentewab, etiopisk keisarinne 12. juli: Johann Joachim Quantz, tysk fløytist og komponist 25. september: Johan Ernst Gunnerus, norsk biskop og naturforskar