Fly from Here er eit studioalbum frå det britiske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 2011. Albumet er det første reine studioalbumet til bandet sidan Magnification frå 2001. Dette er òg det første albumet til bandet med vokalisten Benoît David. Klaverspelaren Geoff Downes medverkar for første gongen sidan albumet Drama frå 1980. Produsent er Trevor Horn, som var vokalist på albumet Drama, og produsent på albumet 90125 frå 1983. Det er òg utgjeve ein spesialutgåve med ein bonus-DVD som inneheld ein dokumentarfilm om innspelinga av albumet.

Albumet kom på 30. plass på UK Albums Chart i Storbritannia, 36. plass på Billboard 200 i USA og på 24. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.VG-lista – Yes

Bakgrunn

Tittelsporet på albumet, «Fly from Here», er ein komposisjon som varar i 23 minutt og 49 sekund. Han består av tre hovudtema, og er delt opp i seks seksjonar med eigne spornummer som blir saman bunde av instrumentale mellomspel. Komposisjonen er hovudsakleg basert på låten «We Can Fly from Here», som vart skrive med tanke på albumet Drama, men som vart utelate. Ein konsertversjon av «We Can Fly from Here» vart utgjeve på samlealbumet The Word Is Live i 2005. Etter at Downes og Horn forlét Yes i 1981, spelte dei inn ein demoversjon som The Buggles. Denne versjonen var meint for albumet Adventures in Modern Recording, men vart nok ein gong utelate. Denne demoversjonen var med som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording.

Låta «Life on a Film Set» er basert på The Buggles-demoen «Riding a Tide», som òg vart utgjeve som bonusspor på nyutgjevinga av Adventures in Modern Recording. Dei andre songane er nye komposisjonar.

Plateomslaget er designa av Roger Dean, som har stått bak ei rekkje av plateomslaga til Yes. Omslaget er frå eit måleri Dean starta å måle ein gong på 1970-talet. Måleriet vart fullført først i 2011 då banda ynskte å nytte det til dette albumet.

Sporliste

Bonus-DVD – Spesialutgave «The Making of Fly from Here Documentary» – 18:29

Medverkande Benoît David – vokal Chris Squire – bass, korvokal, hovudvokalist på «The Man You Always Wanted Me to Be» Steve Howe – gitarer, bakgrunnsvokal Alan White – trommer Geoff Downes – keyboard

Andre medverkande Oliver Wakeman – keyboard på «We Can Fly», «We Can Fly (reprise)» og «Hour of Need» Trevor Horn – korvokal, keyboard Luís Jardim – perkusjon Gerard Johnson – piano på «The Man You Always Wanted Me to Be»

Salslister Liste (2011) PlasseringSkotsk albumliste19Belgium (Wa)Yes – Fly From Here. ultratop.be. Henta 23. februar 2020.45 UK Albums Chart 30

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fly from Here» frå , den 31. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 2011 Kategori:Album produserte av Trevor Horn Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Frontiers Records-album