Yessongs er det første konsertalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i mai 1973. Innspelingane er hovudsakleg frå turneen for albumet Close to the Edge, men inneheld òg to innspelingar frå Fragile-turneen i 1971. Yessongs vart opphavleg gjeve ut som eit trippel-album, men er no utgjeve som dobbel-CD.

Filmen Yessongs vart òg gjeven ut i 1973, og dokumenterer ein konsert i Rainbow Theatre i London den 16. desember 1972. Berre to av innspelingane frå denne konserten er tilstede på albumet, «Close to the Edge» og «Würm» (avslutningspartiet frå «Starship Trooper»).

Albumet nådde sjuandeplassen på UK Albums Charts og 12. plass på Billboard 200 i USA.

Innhald

Innhald - filmversjonen «Overture» «I've Seen All Good People» «Clap» «And You and I» «Close to the Edge» «Excerpts from The Six Wives of Henry VIII» «Roundabout» «Yours Is No Disgrace» «Würm» (excerpt from »Starship Trooper»)

Medverkande Jon Anderson – vokal Chris Squire – bass og vokal Steve Howe – gitar og vokal Rick Wakeman – keyboard Alan White – trommer Bill Bruford – trommer (berre på CD 1 spor 4 og CD 2 spor 2)

Ny-utgjevingar 1988 – Atlantic – CD 1994 – Atlantic – CD (Remaster) 2001 – Japansk Limited Edition 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yessongs» frå , den 31. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Allmusic Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002

Bakgrunnsstoff YesWorld.com

Kategori:Yes-album Kategori:Konsertalbum frå 1973 Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Album produserte av Eddie Offord Kategori:Atlantic Records-album