mini|Den siste appellen på Grini fangeleir på frigjeringsdagen 8. mai 1945.

Grini var opphavleg eit kvinnefengsel i Bærum kommune som vart teke i bruk som ein krigsfangeleir av okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen.

Historie Dette vart den største fangeleiren i Noreg. Allereie den 24. april 1940 vart Grini teken i bruk som fangeleir for ca. 700 fangar. I første krigsåret var føremålet med leiren kortvarige interneringar. Frå 1941 vart leiren hovudsakleg bruka for oppbevaring av politiske fangar henta inn frå heile landet. Frå same året av og fram til fredsslutninga vart totalt 19 788 fangar registrerte i leiren, av desse vart 3 402 deporterte til fengsel og konsentrasjonsleirar i Tyskland og dei tyskokkuperte områda. På det meste var det sett inn 5 400 fangar på Grini.

Innsette Det kom inn fangar frå mange lag av folket til Grini, her er døme på ein Nobelprisvinner, professorar, vitskapsfolk, kulturarbeidarar, idrettsfolk, politikarar, kunstnarar og losar som var involverte i å hjelpe flyktningar til Sverige og Storbritannia. Nokre av dei mest kjende fangane er: Reidar Aulie Lars Berg Johan Borgen Abraham Borøchstein Trygve Bratteli Hermann Fischer Ole Kristian Hallesby Odd Hassel Alvild Jørgensen Einar Gerhardsen Harald Grieg Henrik Groth Helge Gundersen Per Krogh Marie Lous Mohr Abelone Møkster Otto Nielsen Rasmus Navelsaker Peder J. M. Pedersen Birger Ruud Didrik Arup Seip Arne Sælensminde Lars Sæther Gunnar Sønsteby Gustav Sønsteby Kristian Welhaven Arnulf Øverland

Det er kjent at 8 fangar vart avretta på Grini i 1944, av dei 3 kvinner.

Bruk etter andre verdskrigen Frå 1945 til 1949 vart fengselet bruka til soning for landssvikdømde, sjå det norske landssvikoppgjeret.

Fengselet har frå år 2000 det offisielle namnet «Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt».

Sjå òg Fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Grinimuseet ved Ila landsfengsel Ei øyevitneskildring Ila fengsel- historikk Lofoten krigsmuseum om Grini fangeleir

Kategori:Byggverk i Bærum Kategori:Fangeleirar i Noreg under andre verdskrigen Kategori:Kulturminne i Noreg frå andre verdskrigen Kategori:Fengsel i Noreg Kategori:Kulturminne i Bærum Kategori:Freda bygg i Akershus