Chris Copping () er ein engelsk musikar og låtskrivar som var medlem av Procol Harum i 1970-åra. Han har òg skrive musikk for film og fjernsyn. Han spelar hovudsakleg orgel, piano og bassgitar.
I 1960-åra var han med i bandet The Paramounts som gitarist, men forlet dei i desember 1962 for å studere kjemi. I 1969 vart han invitert av Robin Trower til å overta for Matthew Fisher på orgel og David Knights på bass i Procol Harum. På dette tidspunktet bestod bandet berre av tidlegare Paramounts-medlemmar.
Mellom 1969 og 1977 spelte Copping inn sju album med Procol Harum. Copping skifta mellom å spele bassgitar og hammondorgel etter kvart som andre musikarar kom med i bandet. Etter albumet Something Magic forlet han bandet og vart erstatta av Dee Murray for den påfølgjande turneen, før bandet gav seg.
I 1978 flytta han til Australia der han framleis spelar musikk og skriv songar. I nyare år har han arbeidd med musikarar som Mark Hilton, JoJo Leslie og Astrid Munday.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chris Copping» frå , den 12. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Procol Harum.com om Chris Copping Heimeside
Kategori:Procol Harum-medlemmar Kategori:Folk frå Stor-Manchester Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske bassistar