Mark Brzezicki () er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av Big Country. Han har òg vore medlem av The Cult, Ultravox og Procol Harum og han har arbeidd med Pete Townshend, Roger Daltrey, The Crazy World Of Arthur Brown, Midge Ure, Fish, The Pretenders og mange andre. Han var trommeslagar på Shine, det andre og siste engelskspråklege albumet til Frida frå ABBA.
Brzezicki er son av ein polsk krigsveteran og har engelsk mor. Med Tony Butler (frå Big Country) er dei kjend som 'Rhythm for Hire'. Brzezicki forlet Big Country i juli 1989, men kom attende i 1993. I lag med Butler, no vokalist, og gitarist Bruce Watson, starta Big Country å spele att i 2007.
Brzezicki er for tida med i Thunderclap Newman, som er mest kjend for 60-tals hitten «Something in the Air».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mark Brzezicki» frå , den 12. mai 2012.
Bakgrunnsstoff Myspace-side [ Biografi på allmusic.com] Biografi på Drummerworld Big Country-side Beyond the Pale (Procol Harum-side)
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Big Country-medlemmar Kategori:Procol Harum-medlemmar Kategori:The Cult-medlemmar Kategori:Ultravox-medlemmar