Tov Aslaksson Flatin () var ein lærar, gardbrukar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kommunemann. Kjetil Aslaksson Flatin var bror hans.
Flatin var fødd i Seljord. Han gjekk Telemark lærarskule 1895-96 og på lærarseminar i Seljord 1898. Sidan var han lærar i Morgedal 1898-1900 og frå 1900 til 1943 i Flesberg. I Flesberg var han også gardbrukar. Elles var han formann i venstrelaget og ordførar i heradet.
Tidleg tok Flatin til med å samle inn og gje ut folkeminne, og var frå 1918 statsstipendiat. Tida 1913-28 gav han ut seks band om Gamalt fraa Numedal, medan firebandsverket om Flesberg-soga kom over ein periode på 30 år frå 1917. Også tre band bygdesoge for Seljord stod Flatin bak. Eit særkjenne ved forfattarskapen er det store innslaget av folkeminnestoff i bygdebøkene.
Han var med å stifte Numedal sogelag i 1912, også medstiftar og leiar av Landslaget for folkeminnesamlarar og styremedlem for Lågdalsmuseet. Perioden 1915-18 gav han ut tidsskriftet Numedal, og åra 1919-27 tidsskriftet Dølaminne.
Verk Flesberg-maalet. 1910; ny utg 1923 Gamalt fraa Numedal. 7 bd. 1913-1939 (faksimile 1983-84) Buskerud Amt jubilæumsskrift. 1914 Flesberg skulesoga. 1917 Flesberg, fraa dei eldste tider til no. 4 bd. 1914-1947 Innsamling av folkeminne, ei rettleiing. 1920 Noka æventy aa gamle truir, samla i selljor. 1922 Redaktør av broren Kjetil Flatins Tussar og trolldom. 1930 Flesberg heradsstyre 1837-1937. 1937 Seljord. 3 bd. 1942-54
Litteratur om Flatin Reimund Kvideland: «Tov Flatin» I: Norsk biografisk leksikon
Kjelder Norsk Allkunnebok, IV. bandet, 1953
Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Flesberg Kategori:Norske folkeminnesamlarar Kategori:Folk frå Seljord