Anointed er ei USA-amerikansk, kristen R&B-gruppe frå Columbus i Ohio. Gruppa består i dag av syskena Steve og Da'dra Crawford.
Anointed blei danna i 1988, då medlemene framleis gjekk på High school. Debutplata Spiritual Love Affair kom ut i 1993. Andrealbumet The Call kom i 1995, og gav gruppa kommersiell suksess. Anointed vann 3 Dove Awards, ein Stellar Award og vart nominert til ein Grammy for dette albumet.
Gruppa har til i dag gjeve ut seks studioalbum og ei samleplate. Dei har vunne til saman 7 Dove Awards, 2 Stellar Awards og vore nominert til Grammy-prisen 3 gonger.
Diskografi
1993: Spiritual Love Affair 1995: The Call 1996: Under the Influence 1999: Anointed 2001: If We Pray 2003: The Best of Anointed (Samleplate) 2005: Now Is the Time
Kjelde
Denne artikkelen byggjer på «Anointed» frå , den 19. februar 2012.
kategori:Musikkgrupper skipa i 1988 kategori:Kristne musikkgrupper Kategori:USA-amerikanske popgrupper