Johannisberg (tidlagare Keeserkopf eller Herzoghut) er eit 3 453 meter høgt fjell i Glocknergruppa i Hohe Tauern, ein fjellkjede i dei austerrikske sentralalpane. Fjellet ligg på grensa mellom dei austerikske forbundslanda Salzburg og Kärnten. Dagens namn fekk fjellet til ære for erkehertug Johann av Austerrike.

Sett frå aust er Johannisberg kuppelforma og firndekt. Vestsida er ein mektig, 450 meter høg og 50° steil vestvegg. Mot nordvest og sørvest går det ut lange egger. Toppen er lett å nå, og eit kjært mål for vandrarar og klatrarar.

Litteratur og kart Willi End: Alpenvereinsführer Glocknergruppe, Bergverlag Rother, München 2003, ISBN 3-7633-1266-8 Eduard Richter: Die Erschließung der Ostalpen, III. Band, Verlag des Deutschen und Oesterreichischen Alpenvereins, Berlin 1894 Alpenvereinskarte 1:25.000, Blatt 40, Glocknergruppe

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Berg in Europa Kategori:Berg in den Alpen Kategori:Glocknergruppe Kategori:Berg in Kärnten Kategori:Berg in Salzburg