Stefan Banach () var ein dugeleg matematiker frå Polen. Han var ein av dei viktigaste personane i den såkalla Lvov-skulen i matematikk i Polen før krigen. Som matematikar var han i stor grad sjølvlærd, og geniet hans vart tilfeldigvis oppdaga av Juliusz Mien og seinare av Hugo Steinhaus.

Då 2. verdskrigen starta var Banach president i det polske matematiske selskapet og professor ved Universitetet i Lviv. Sidan han var korresponderande medlem av Vitskapsakademiet i Ukraina og på god fot med sovjetiske matematikarar, fekk han halde stillinga si trass i at Sovjetunionen invaderte byen i 1939. Banach overlevde den påfølgjande brutale tyske okkupasjonen frå juli 1941 til februar 1944. Helsa hans vart dårlegare under okkupasjonen, og han utvikla lungekreft. Etter krigen vart Lviv innlema i Sovjetunionen, og Banach døydde der. Han er gravlagt ved Lychakivskyj-gravplassen.

Bakgrunnsstoff Stefan Banach - MacTutor History of Mathematics archive

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stefan Banach» frå , den 15. februar 2012.

Kategori:Polske matematikarar Kategori:Folk frå Krakow Kategori:Folk frå Lviv Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Sovjetiske matematikarar Kategori:Austerrikske matematikarar Kategori:Ukrainske matematikarar Kategori:Medlemmar av Det polske utdanningsakademiet Kategori:Medlemmar av Det ukrainske vitskapsakademiet