Berdytsjiv (ukrainsk ; russisk /Berditsjov, polsk Berdyczów) er ein historisk by i Zjytomyr oblast (provins) nord i Ukraina. Han er det administrative senteret i Berdytsjiv rajon (distrikt). Byen ligg rundt 40 kilometer sør for Zjytomyr og har om lag 84 300 innbyggarar (1. januar 2005).

Han er eit viktig trafikk-knutepunkt og industrisentrum med maskinindustri og skofabrikk.

Historie Berdytsjiv blei første gong nemnd som busetting i 1320. Rundt 1546 blei det grunnlagd ein by her, seinare kom eit slott til. Ein årleg marknad som starta opp i 1675, medverka til at byen etter kvart voks fram som eit viktig handelssentrum.

Mordet på den jødiske befolkninga i 1941 Berdytsjiv var eit kulturelt sentrum for jødar, polakkar og ukrainarar frå 1600- til 1900-talet. Etter den tyske innmarsjen 7. juli blei den jødiske befolkninga, som utgjorde omtrent halvparten av dei 66 306 innbyggaraneEnzyklopädie des Holocaust, s.v. Berditschew samla ved flyplassenVasily Grossman: A Writer at War. New York, 2006, S. 247-261. og systematsk slakta ned. Blant dei som Sonderkommando 4a i Einsatzgruppe C myrda var mor til Vasilij Grossman.

Den raude armeen frigjorde Berdytsjiv 15. januar 1944. Det var då 15 jødar att i byen.

Kjende personar frå byen Joseph Conrad (1857–1924), polsk-britisk forfattar Vladimir Horowitz (1903–1989), pianist Vasilij Grossman (1905–1964), forfattar

Litteratur Michaela Christ: Die Dynamik des Tötens: Die Ermordung der Juden von Berditschew, Ukraine 1941-1944. Fischer: Frankfurt am Main 2011. ISBN 978-3-596-19185-7

Kjelder

Kategori:Byar i Zjytomyr oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1430-åra Kategori:Holocaust i Ukraina Kategori:Shtetlar