mini|Pizzahjul med avlangt handtak. Pizzahjul er ein skjerereiskap som hovudsakleg vert nytta til å dele pizza før servering. Han består av eit handtak og eit roterbart hjul med skarpe kantar. Bladet er ofte laga av rustfritt stål, men kan også vera keramisk eller av plast. Handtaket kan vera avlangt som på ein vanleg kniv, avrunda rundt hjulet eller ha annan fasong.
mini|venstre|Bruk av pizzahjul på pizza. Pizzahjul er ein lettare måte å skjera gjennom alle laga av ein pizza på utan å skjera laus fyll, noko som lett kan skje gjennom sageteknikken ein gjerne bruker med ein vanleg kniv. Jo større hjulet er, jo meir effektiv blir skjeringa.
Hjulet kan også brukast til å skjera i deig, flate brød og liknande.
Kjelder Julie Henriksen, «Pizzahjul – Bodum BISTRO Pizzahjul», kjokkenutstyr.net Mariette Mifflin, «How to Find the Best Pizza Cutter», about.com Mariette Mifflin, Pizza Cutter or Wheel, about.com «Pizza wheels», Cook's Country (February 1, 2010), cooksillustrated.com. «Gadgets: Sharpen Your Pizza Wheel», seriouseats.com «PI-PIZZAHJUL» , vitenwahl.no «Kilo Pizzahjul i moderne design», multitrend.no
Denne artikkelen bygger på «Pizzahjul» frå , den 28. desember 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Pizza Kategori:Kjøkenutstyr Kategori:Knivar