John Venn () var ein engelsk matematikar og prest. Han er særleg kjend for arbeida sine innan logikk og for diagramma sine, såkalla Venn-diagram, for å illustrere mengder. Han skreiv også dei viktige verka Logic of Chance (1866) og Symbolic Logic (1881).
Venn blei fødd i Kingston upon Hull i Yorkshire som son av Martha Sykes og presten Henry Venn. Mora døyde då han var tre år gammal. Han studerte matematikk ved Gonville and Caius College ved Universitetet i Cambridge, der han fekk graden sin og blei fellow i 1857. I 1903 blei han president for skulen. I mellomtida følgde Venn likevel familietradisjonen som anglikansk prest. Han blei ordinert i 1859 og tenter først i Cheshunt i Hertfordshire og deretter i Mortlake i Surrey.
Kjelder
«John Venn» (2011-11-30) i Store norske leksikon.
Delar av denne artikkelen bygger på «John Venn» frå , den 12. januar 2015.
Kategori:Folk frå Kingston upon Hull Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Engelske logikarar Kategori:Engelske filosofar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1800-talet