Joseph Liouville () var ein fransk matematikar.
Han var professor i Paris frå 1833. Han utførte viktige arbeid frå forskjellige område i matematikken, særleg talteori og funksjonsteori. Han beviste mellom anna eksistensen av transcendentale tal. Han grunnla Journal des mathématiques pures et appliquées («Liouvillejournalen»), som enno er eit leiande matematisk tidsskrift i Frankrike.
Kjelder Joseph Liouville. (2011-11-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Joseph_Liouville
Kategori:Franske matematikarar Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1800-talet