Leonhard Euler () var ein sveitsisk matematikar og fysikar frå Basel. Han er rekna som ein av dei største matematikarane gjennom tidene, saman med til dømes Carl Friedrich Gauss. Leonhard Euler nytta omgrepet «funksjon» (fyrst definert av Leibniz i 1694) til å skildra eit uttrykk med parametrar, altså y = F(x).

Euler var eit barnegeni, fødd og utdanna i Basel. Han arbeidde det meste av livet sitt som professor i matematikk i St. Petersburg, med eit opphald i Berlin. Han ruva i matematikkfaget på 1700-talet, og kom fram til mange sluttingar basert på den nye matematiske analysen. Euler var ein av dei mest produktive matematikarane me har sett, med 75 bind i dei samla verka sine. Dei siste sytten åra av livet sitt, då han skreiv nesten halvparten av dei totale utgjevingane sine, var han totalt blind.

Leonhard Euler døydde i St. Petersburg i 1783. Asteroiden 2002 Euler er oppkalla etter han.

Eulers tal Eulers tal, e, er definert som

Sjå òg Eulerlikningane Eulers sats Eulers konstant Eulers φ-funksjon Eulers stegmetode Dei sju bruene i Königsberg Matematikkhistorie

Bakgrunnsstoff

Euler, Leonhard Kategori:Talteoretikarar Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Russiske musikkteoretikarar Kategori:Sveitsiske musikkteoretikarar Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Sveitsiske fysikarar Kategori:Matematikarar på 1700-talet