Karin Fossum () er ein norsk forfattar. Jentenamnet hennar var Karin Mathisen, og dei fyrste bøkene hennar er skrivne under det namnet. Ho er mest kjend som krimforfattar, og krimbøkene hennar er omsette til fleire språk.

Ho debuterte i 1974 med diktsamlinga Kanskje i morgen, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.

Karin Fossums kjente kriminalromanar har etterforskaren Konrad Sejer i hovudrolla. Til no er det kome åtte romanar om sakene han løyser; Evas øye (1995), Se deg ikke tilbake! (1996), Den som frykter ulven (1997), Djevelen holder lyset (1998), Elskede Poona (2000) og Svarte sekunder (2002). Ho fekk Brageprisen for Elskede Poona, og alle desse romanane har vorte filmatiserte.

I tillegg til dei suksessfulle krimbøkene har Fossum skrive novellesamlingane I et annet lys (1992) og Søylen (1994), og romanane De gales hus (1999), Jonas Eckel (2002) og Natt til 4. november (2003). De gales hus er ein roman frå innsida av ein psykiatrisk institusjon, medan Jonas Eckel handlar om ein litt spesiell mann og det litt spesielle forholdet han har til ei kvinne. Natt til 4. november handlar om eit foreldrepar som må leve i uvisse når dottera brått forsvinn.

Bøker 1974 – Kanskje i morgen – diktsamling 1978 – Med ansiktet i skyggen – diktsamling 1992 – I et annet lys – novellesamling 1994 – Søylen – novellesamling 1995 – Evas øye – kriminalroman 1996 – Se deg ikke tilbake! – kriminalroman 1997 – Den som frykter ulven – kriminalroman 1998 – Djevelen holder lyset – kriminalroman 1999 – De gales hus – roman 2000 – Elskede Poona – kriminalroman 2002 – Svarte sekunder – kriminalroman 2002 – Jonas Eckel – roman 2003 – Natt til fjerde november – roman 2004 – Drapet på Harriet Krohn – kriminalroman 2004 – Noveller i utvalg – novellesamling 2006 – Brudd – roman 2007 – Den som elsker noe annet – kriminalroman 2008 – Den onde vilje – kriminalroman 2009 – Varsleren – kriminalroman 2013 – Carmen Zita og døden – kriminalroman 2014 – Helvetesilden – kriminalroman 2016 – Hviskeren – kriminalroman 2018 –Formørkelsen – kriminalroman

Filmatiseringar av Karin Fossums bøker Evas øye – spelefilm for kino. Regissør: Berit Nesheim. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist. Se deg ikke tilbake – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist. Djevelen holder lyset – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist. Elskede Poona – fjernsynsserie. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist. Den som frykter ulven – spelefilm for kino. Regissør: Erich Hörtnagl. Konrad Sejer spelt av Lars Bom. Svarte sekunder – fjernsynsserie under arbeid. Regissør: Eva Isaksen. Konrad Sejer spelt av Bjørn Sundqvist.

Prisar 1974 – Tarjei Vesaas' debutantpris for Kanskje i morgen 1996 – Rivertonprisen for Se deg ikke tilbake 1997 – Glassnøkkelen for Se deg ikke tilbake 1997 – Bokhandlarprisen for Den som frykter ulven 2000 – Brageprisen for Elskede Poona 2002 – Svenska Deckarakademin kåra Svarte sekunder til årets beste kriminalroman omsett til svensk 2003 – Cappelenprisen 2007 – Los Angeles Times Book Prize 2013 – Amalie Skram-prisen

Kjelder

Forfattarside hjå Cappelen Karin Fossum henta frå Bokmålswikipedia 5. juni 2005.

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Karin Fossum hjå Nasjonalbiblioteket Cappelen si forfattarside om Karin Fossum Utgjevingar av Karin Fossum i BIBSYS Ask

Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Sandefjord Kategori:Forfattarar frå Vestfold Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1974 Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen Kategori:Vinnarar av Amalie Skram-prisen Kategori:Vinnarar av Cappelenprisen Kategori:Vinnarar av Glassnøkkelen