Kandersteg er ein kommune i distriktet Frutigen-Niedersimmental i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1174 meter over havet. Han ligg langs dalen til elva Kander, vest for Jungfrau-massivet. Han er kjend for det spektakulære fjellandskapet og turisme er ein viktig del av økonomien.
Kandersteg ligg på nordsida av Bern-Alpane ved foten av Lötschen- og Gemmipasset. Landsbyen ligg i øvre Kanderdalen. i kommunen ligg Gasterndalen (øvre Kanderdalen) og Oeschinensee. Han omfattar landsbyane Kandersteg og Gastern.
Kandersteg er omgjeven av høge fjell. Balmhorn (3698 moh), ved grensa til kantonen Valais i sør er den høgaste i dalen.
Den største innsjøen i dalen er Oeschinensee. Øvst i dalen ligg Kanderbreen, kjelda til elva Kander.
Delar av kommunen ligg innanfor Jungfrau-Aletsch verneområde, ein verdsarvstad sidan 2001.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kandersteg» frå , den 25. mars 2012.
Bakgrunnsstoff Landsbyen Kandersteg
Kategori:Kommunar i Bern Kategori:Vintersportstader i Sveits