Soldier er det femte studioalbumet til rockesongaren Iggy Pop. Det kom ut i februar 1980 på selskapet Arista.

Innspeling

Iggy Pop samarbeide med den tidlegare Sex Pistols-bassisten Glen Matlock på albumet.

Det tidlegare The Stooges-medlemmet James Williamson skulle opphavleg produsere albumet, men ein krangel mellom Williamson og David Bowie (som assisterte som ven av Pop) over innspelingsteknikkar førte til at Williamson stakk av frå prosjektet.

David Bowie og Simple Minds syng korvokal på «Play It Safe».

Mangelen på sologitar i den endelege miksen har vore omdiskutert og vart kritisert av Glen Matlock. I biografien til Iggy Pop hevdar Matlock at sologitaren vart fjerna etter David Bowie vart slått til av Steve New fordi han la an på kjærasten hans på den tida, Patti Palladin.

Utgjeving

Soldier kom ut i februar 1980 på selskapet Arista. Det nådde 125. plassen på Billboard-lista. Det vart laga musikkvideoar til songane «Loco Mosquito», «Knocking 'Em Down (In the City)» og «Dog Food».

Mottaking

Soldier har fått til dels gode meldingar frå kritikarane.

I ei melding skreiv Charlotte Robinson for PopMatters at «i staden for eit punkmeisterverk, viste Solider seg å vere ei ujamn og stundom tøysete innspeling.»

David Fricke i Rolling Stone var positiv til albumet og skreiv «Solider, er som alle albuma hans, eit hardt slag i ein krig som Iggy Pop var fast bestemt på å vinne.»

Innhald

Medverkande

Iggy Pop – vokal Glen Matlock – bassgitar, korvokal Ivan Kral – gitar, klaverinstrument Klaus Krüger – trommer Steve New – gitar Barry Andrews – klaverinstrument med: Simple Minds – korvokal på «Play It Safe» David Bowie – korvokal på «Play It Safe» Henry McGroggan – kor på «Loco Mosquito»

Teknisk

Pat Moran – produsent Thom Panunzio – miksing, produsent på «Low Life» Peter Haden – lydteknikar Joe Brescio – mastering Brian Griffin/Rocking Russian – design

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Soldier (album)» frå , den 7. mai 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Iggy Pop-album Kategori:Arista Records-album Kategori:Album produserte av Pat Moran