The Creation of the Univers er det første albumet til Lou Reed-bandet Metal Machine Trio. Metal Machine Trio er eit band Lou Reed starta i 2008 i lag med Ulrich Krieger og Sarth Calhoun for å spele musikk inspirert av Reed-albumet Metal Machine Music frå 1975. Dei første konsertane til gruppa vart haldne 2. og 3. oktober 2008 ved REDCAT i Los Angeles. Gruppa fekk namnet Metal Machine Trio først etter desse konsertane. På sjølve konserten varet bandet annonsert som Lou Reed and Ulrich Krieger: Unclassified. Plata er eit uklipt konsertopptak av begge kveldane, og er tilgjengeleg frå nettsida til Reed i mange format, inkludert digital nedlasting.
Musikken er fritt improvisert og utan vokal eller songstruktur. Det varierer frå mørke ambiente passasjar til støy, frirock og elektronika.
Innhald «Night 1» – 54:57 «Night 2» – 55:49
Medverkande Lou Reed - gitarar, elektronikk Ulrich Krieger - tenorsaksofon, elektronikk Sarth Calhoun - Kontinuum-fingerbrett, live prosessering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Creation of the Universe» frå , den 12. oktober 2011. oppgav desse kjeldene: Powers, Ann at the Los Angeles Times Music Blog: Lou Reed and Ulrich Krieger: Unclassified at REDCAT. The Wire Magazine #304, juni 2009. Soundcheck: Lou Reed's Metal Machine Trio. The Creation of the Universe. Page 51.
Bakgrunnsstoff http://www.loureed.com/metalmachinetrio/
Kategori:Lou Reed-album Kategori:Konsertalbum frå 2008