Lindsay Kemp () var ein britisk dansar, skodespelar, lærar, mimikar og koreograf. Stilen til Kemp er ei blanding av butoh, burlesk, pantomime, dragshow og varieté.

Lindsay Kemp var fødd i South Shields i Nord-England i 1938. Far hans var sjømann, og blei borte på sjøn i 1940. Som åttearing blei Kemp send til kostskulen Bearwood College i Berkshire. Etter endt skulegang budde han ei tid i Bradford, der mora hadde flytta, og blei mellom anna kjend med kunstnaren David Hockney. Seinare budde han i London, Barcelona og deretter til Italia, der han hadde bustader i Roma og Todi.

Kemp studerte dans med Hilde Holger og pantomime med Marcel Marceau.

Kemp blei først ein dansar ved Ballet Rambert i London. Han danna sitt eige dansekompani tidleg i 60-åra og vart først kjend etter ei oppvising på Edinburgh-festivalen i 1968. Stykket han viste der, Flowers, bygde på Our Lady of the Flowers av Jean Genet og blei vist i London, New York og Australia. Stykket hadde ein tydlege homofil profil, og blei raida av politiet fleire gonger. Seinare verk er Salome, A Midsummer Night's Dream, Alice in Wonderland, Nijinski, Onnagata og Dreamdances.

Kate Bush og David Bowie studerte begge hos Kemp og var ei kort tid medlem av kompaniet hans - Bowie som artist, Bush som garderobeassistent.

Filmografi mini|Lindsay Kemp i 1979. The Vampire Lovers (1970), som Jester Savage Messiah (1972), som Angus Corky The Wicker Man (1973), som Alder MacGregor The Stud (1974), som Topstar Sebastiane (1976), som sansar Jubilee (1977), som kabaretartist Valentino (1977) A Midsummer Night's Dream for TV (1985), som Puck Cartoline italiane (1987) The Line, the Cross & the Curve (1993), som 'Guide' Velvet Goldmine (1998), som pantomimedame Gjesteskodespelar i den spanske fjernsynsserien La Mandrágora i 2005 og 2006

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lindsay Kemp» frå , den 30. september 2011.

Kategori:Mimikarar Kategori:Britiske dansarar Kategori:Folk frå South Shields