«Somethin' Else» er in song av rockabilly-artisten Eddie Cochran, skriven i lag med kjærasten Sharon Sheeley, og den eldre bror hans Bob Cochran, og gjeven ut i 1959. Teksten handlar om at han ønskjer seg ein kabriolet som han ikkje har råd til, og fryktar at ei jente no ikkje vil gå ut med han. Til slutt får han derimot råd til ein noko eldre bil og får nok sjølvtillit til å be jenta ut. Songen nådde 22. plass i Storbritannia, men berre 58. plass i USA.

Songen er spelt inn av mange andre band som The Move, Led Zeppelin, Slade, the New York Dolls, The Flamin' Groovies, Prima Donna, UFO, Tom Petty and the Heartbreakers, The Beatles, Keith Richards med X-Pensive Winos, the Georgia Satellites, Speedy Keen, Teenage Head og Sid Vicious.

Sid Vicious spelte inn songen og han kom ut 23. februar 1979, ort tid etter Viciuos døydde. Han nådde 3. plass i Storbritannia og vart den største suksessen hans. .

Medvekrande Eddie Cochran: vokal, gitar, elektrisk bass Earl Palmer: trommer kanskje Jim Stivers: piano

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Somethin' Else (Eddie Cochran song)» frå , den 30. september 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Eddie Cochran-songar Kategori:Led Zeppelin-songar