Sid McGinnis () er ein amerikansk musikar best kjent som gitarist i The CBS Orchestra, som er husbandet til Late Show with David Letterman.

Har turnert med artistar som Barry Manilow, Peter Gabriel, Carly Simon og Laurie Anderson. Han har òg spelt på platene til blant andre Dire Straits, Ashford & Simpson, David Lee Roth, Paul Simon, Simon & Garfunkel, Bob Dylan, David Bowie og Leonard Cohen.

McGinnis vart med i The World's Most Dangerous Band i 1984, som var Late Night with David Letterman sitt husband. Han var eigentleg berre invitert til å spele gitar med bandet ei veke, men enda opp med å bli den faste gitaristen. Då David Letterman skifta frå NBC til CBS og Late Show with David Letterman i 1993, vart han med på lasset og er framleis eit av medlemmane i The CBS Orchestra.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sid McGinnis» frå , den 23. september 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Biografi hos CBS

Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Folk frå Pittsburgh Kategori:Pedalsteelgitaristar