Reeves Gabrels () er ein amerikansk gitarist, soloartist, låtskrivar, og produsent.
Han har spelt for mange artistar, men er mest kjend for innsatsen sin i bandet Tin Machine (1988-1992) og for å vere David Bowie sin faste gitarist fram til 1999. Den eksentriske og virtuose spelestilen hans har ført til både begeistring og fortviling hos dei som har høyrt han. Reeves Gabrels har òg jobba saman med The Cure, Ozzy Osbourne, Frank Black og ei rekkje andre artistar.
Gabrels har gjeve ut tre album under eige namn. The Sacred Squall Of Now (1995), Ulysses (2000) og Rockonica (2005). På desse albuma figurerer David Bowie, Charlie Sexton, Frank Black, Dave Grohl, Gary Oldman og Robert Smith. Han gav i 1995 òg ut den eksperimentelle jazzskiva A Night in Amnesia saman med gitaristen David Tronzo. Han spelte òg i band som Modern Farmers og Bentmen som begge gav ut album med Gabrels som gitarist.
Gabrels har òg laga filmmusikk og musikk til spela Omikron: The Nomad Soul og Deus Ex.
Diskografi Tin Machine Tin Machine (1989) Tin Machine II (1991) Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992)
David Bowie Outside (1995) Earthling (1997) 'hours...' (1999)
Solo The Sacred Squall of Now (1995) Ulysses (Della Notte) (2000) Rockonica (2005) Reeves Gabrels and His Imaginary Friends (2015) Imaginary Friends Live (2017)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Reeves Gabrels» frå , den 23. september 2011.
Bakgrunnsstoff reevesgabrels.net - offisiell nettstad My Space. Reevz.net - ei tilhengjarside
Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:David Bowie Kategori:Musikarar frå New York City