Gautøya er ei øy i Aure, tidlegare Tustna kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Ho har eit areal på 1,293 km². Det høgaste punktet på øya, Gautøyvarden, ligg på 35 moh. Øya er veglaus og utan fast busetjing.

Gautøya vart busett med ein husmannsplass ein gong rundt 1800. Det kom etter kvart tre husmannsplassar her. Ved folketeljinga i 1900 var folketalet på øya 16 personar.Folketeljing 1900 for Tustna herred, frå Digitalarkivet I nyare tid er det bygd hytter på øya.

Gautøya var del av Edøy kommune fram til 1874, så Tustna kommune fram til kommunesamanslåinga med Aure i 2006.

Kjelder

Kategori:Tustna Kategori:Øyar i Aure