Indre Kråkøya er ei øy i Aure kommune på Nordmøre, sørvest for Tustna.

Det er funne spor av busetjing på øya i steinalderen. Dei første skriftlege kjeldene til busetjing her er frå midten av 1600-talet, men så var øya lenge folketom, før ho vart busett igjen tidleg på 1920-talet. Det budde då folk her i eit par generasjonar.

Kjelder

Ottar Roaldset, Tustna bygdebok, Bind I, Tustna kommune, 1986

Kategori:Tustna Kategori:Øyar i Aure