Beauly eller River Beauly (skotsk gælisk Abhainn nam Manach) er ei elv i regionen Highland i Skottland. Ho er om lag 25 km lang og har eit nedbørsfelt på kring 1000 km². Elva ligg ca. 15 kilometer vest for Inverness.
Elva oppstår ved Struy, der elvane Glass og Farrar renn saman. Ho renn nordaustover før ho munnar ut ved landsbyen Beauly i Beauly Firth, ein sidearm av Moray Firth. Beaufort Castle ligg også ved breidda av elva.
mini|venstre|Lovat-brua.
Den første brua over elva vart konstruert av Thomas Telford i 1814, om lag ein kilometer sør for landsbyen Beauly. Hovudvegen nordover frå Inverness gjekk over denne brua til Kessock Bridge over Beauly Firth vart opna i 1982. Ei jernbanebru over elva vart bygd i 1860-åra.
mini|venstre|Kraftstasjon ved Aigas på elva Beauly.
Det er fleire demningar og vasskraftverk langs elva. Nokre fossefall ved Kilmorack gjekk tapt då det blei bygd eit vasskraftverk der i 1960-åra. Her og ved Aigas-demningen er det bygd laksetrapper for å hjelpa laksen å vandra opp elva.
Den vesle øya Eilean Aigas ligg i elva.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beauly (elv)» frå , den 7. juli 2011.
Kategori:Elvar i Skottland Kategori:Geografi i Highland