Aira Force er ein foss i engelske Lake District i grevskapet Cumbria. Ordet «force» vert i mange område i Nord-England nytta som eit synonym for «foss» og kjem frå norrøne fors.

Elva som utgjer fossefallet er Aira Beck, som spring ut i Stybarrow Dodd 720 meter over havet og renn nordaustover før ho vender sørover. Ein kilometer før ho renn ut i Ullswater dannar ho den 20 meter høge fossen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aira Force» frå , den 7. juli 2011.

Kategori:Geografi i Cumbria Kategori:Fossar i England