R (r) er den 18. bokstaven i det latinske alfabetet og den 17. bokstaven i det greske alfabetet (Ρ, ρ). Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. Det semittiske namnet er resh, som tyder hovud, og i den opphavlege biletskrifta viste teiknet eit hovud. Grekarane kalla han rho og romarane er. Det matematiske teiknet for rot, √, er i røynda ein r og forkorting for det latinske radix, som tyder «rot».

Runealfabetet har r som femte rune i første ætt. I norsk vert han vanlegvis uttalt med tungespissen som vibrerer eller slår mot området bak fortennene («rulle-r»), eller med drøvelen mot baktunga («skarre-r»).

R kan stå for registrert varemerke (vanlegvis med ein liten ring rundt: ®) eit programmeringsspråk, sjå programmeringsspråket R symbol for eininga røntgen og rayleigh. R er symbol for resistans og for den molare gasskonstanten, lik 8,31451 J/(mol · K). i matematikksymbol for mengda av alle reelle tal engelsk forkorting som ofte tyder royal (kongeleg) som i R.A.F. (Royal Air Force). I geografiske namn tyder det river eller «elv» (R. Tyne). latinsk forkorting som står for rarus, 'sjeldan'; recipe, 'ta' (på legereseptar); regina, regnum, respublica, rex, Roma, Romanus og fleire. jødisk forkorting for rabbi. i gregoriansk song forkorting for responsum («svar»). i musikk forkorting for ripieno, som tyder «full», «med alle stemmer» eller «fullt orkester». på urverk ei forkorting for retarder (fransk for «minske farten»). forkorting for ordensgraden riddar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Det latinske alfabetet