Barium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ba og atomnummer 56. Det høyrer til jordalkalimetalla i gruppe 2 i periodesystemet.
Spesielle eigenskapar
I motsetning til visse andre jordalkalimetall (kalsium og magnesium) er barium svært giftig.
Historie
Barium vart oppdaga av Humphrey Davy i 1808.
Bruk
Bariumsulfat (BaSO4) er kvitt eller gulkvitt og vert brukt i måling.
Sjølv om barium er svært giftig, vert bariumsulfat òg brukt til røntgenundersøkingar av mage og tarm. Det er fordi bariumsulfat er uløyseleg i vatn og ikkje blir tatt opp i kroppen.
Bariumkarbonat kan brukast som rottegift.
Sjå òg
Grunnstoffliste Isotoptabell Periodesystemet
Bakgrunnsstoff
Webelements - Barium
Kategori:Jordalkalimetall Kategori:Reduksjonsmiddel Kategori:Grunnstoff