RS 99 «Skomvær III» er ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1986. Ho var det første fartøyet til redningsselskapet som vart bygd i sandwichkonstruksjon.
«Skomvær III» vart bygd ved West Products AS i Måløy. Linjeteikningane vart laga av Ola Lilloe-Olsen ved Teknisk Modell-Senter i Hyen. Den endelege utforminga vart gjort av tekninsk komite i Redningsselskapet saman med Otto Scheen jr.
RS «Skomvær III» overtok namnet etter RS «Skomvær II» (RS 66).
I åra 1988-89 vart det bygd fem redningsskøyter til med sandwich skrog. Etter ei tid synte det seg at skroget på «Skomvær III» , og andre av desse fartøya, hadde fått skade. Byggematerialet hadde ikkje tolt påkjenninga med høg fart i stor sjø. Det måtte gjerast omfattande reperasjonar, og Redningsselskapet gjekk vekk frå dette byggematerialet ei tid.
Kjelder Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002 nssr.no
Skomvær III Kategori:Skip frå 1986