RS 108 «Kaptein Buhre» er ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1991. Fram til 2021 var namnet «Kaptein Skaugen». Ho var ei gåve frå reiarlaget I.M. Skaugen i høve reiarlaget sit 75-års jubileum, og Redningsselskapet sitt 100-års jubileum. Byggesummen var 14, 3 millionar kroner.
I 2021 gjennomgjekk fartøyet ei oppussing og oppgradering. Dette arbeidet vart kosta av Anna og Odd Bures Legat, «til beste for trengende sjøfolk». Og skøyta fekk det nye namne: «Kaptein Buhre».
Konstruksjonen av fartøyet stod Tor Stokke i Amble & Stokke AS i Kristiansand for. Ho vart bygd hjå Båtservice Industries AS, Mandal.
Namnet fekk «Kaptein Skaugen» etter Isak Martinius Skaugen, seglskutekaptein og skipar av selskapet som gav redningsskøyta.
Kjelder
Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002 nssr.no
Kaptein Skaugen Kategori:Skip frå 1991