Softs er det niande studioalbumet til det engelske jazzrockbandet Soft Machine, gjeve ut i 1976.
Oversyn John Etheridge erstatta Allan Holdsworth på gitar kort tid etter at det førre albumet, Bundles, kom ut og Alan Wakeman, syskenbarnet til klaverspelaren Rick Wakeman, tok over på saksofon for Karl Jenkins. Karl spelte frå no av berre klaverinstrument. Denne endringa var naudsynt fordi det siste originale bandmedlemmet, Mike Ratledge, forlet bandet i mars 1976, før innspelinga starta. Han er likevel med på to songar, men er ikkje rekna som eit bandmedlem. Wakeman og bassisten Roy Babbington forlet gruppa kort tid etter at albumet kom ut og Wakeman var derfor ikkje medlem lenger enn seks månader.
Innhald
Medverkande Roy Babbington – bassgitar John Etheridge – akustisk og elektrisk gitar John Marshall – trommer, perkusjon Alan Wakeman – sopran- og tenorsaksofon Karl Jenkins – piano, elektrisk piano, pianette, strykarar og Mini-Moog synthesizer, instrumentering
Andre medverkande Mike Ratledge – synthesizer på (3, 4)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Softs» frå , den 9. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Diskografi på calyx.club.fr
Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Harvest Records-album Kategori:Soft Machine-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios