Shooting at the Moon er det andre soloalbumet til Kevin Ayers, frå 1970.

Tidleg i 1970 samla Ayers eit band han kalla The Whole World for å turnere med debutplata Joy of a Toy. Med i bandet var ein ung Mike Oldfield, David Bedford, Lol Coxhill, Mick Fincher, visesongaren Bridget St. John og Robert Wyatt. Etter ein britisk turne tok Ayers the Whole World i studio for å spele inn eit album, produsert i lag med Peter Jenner.

Besetninga produserte ei blanding av idear og eksperiment der to særeigne stilartar dukka fram: Sorglause balladar som «Clarence In Wonderland» og «May I?» side om side med avantgardeksperiment i songar som «Reinhardt and Geraldine» og «Underwater». Albumet har sidan vorte ein bestseljar i katalogen til Ayers.

Sjølv om The Whole World vart oppløyst kort tid etter albumet kom ut, vart kjernen i bandet med på det neste albumet til Ayers, Whatevershebringswesing. Ayers gav ut ein singel med eksklusive songar på denne tida, «Butterfly Dance» i lag med «Puis Je?» (ein franskspråkleg versjon av «May I?»)

Innhald

Medverkande Kevin Ayers / Gitar, bass, vokal

The Whole World: David Bedford / Orgel, piano, trekkspel, marimba, gitar Lol Coxhill / Saksofon, zoblophone Mike Oldfield / Bass, gitar og vokal Mick Fincher / Trommer, perkusjon, flasker og askebeger Bridget St. John / Vokal The Whole World Choir / vokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shooting at the Moon (album)» frå , den 9. mars 2011. oppgav desse kjeldene: I’m Just Moonlight’s Lost Disciple - Shooting at the Moon liner notes by Martin Wakeling (Harvest Sept 2006) Shooting at the Moon - original LP notes

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Kevin Ayers-album