Krister Sørgård () er ein tidlegare langrennsløpar og langrennstrenar. Han var mellom dei beste norske langrennarane i ei ti års tid, landslagsløpar frå 1992 til 2001, men nådde aldri heilt til topps. Perioden 2003-06 var han trenar for det norske herrelandslaget i langrenn. Løparar frå dette laget gjorde det godt under VM i 2005, men lukkast lite under OL 2006.
Karriere Sørgård debuterte i verdscupen med å bli nr 25 på femmila i Vang i 1992. Han deltok i Ski-VM 1993 med ein 10. plass på jaktstarten som beste resultat, etter å ha vorte nr 12 på 10 km. I 1996 fekk han si einaste pallplassering i verdscupen då han vart nr 2 på femmila i Holmenkollen, langt bak vinnaren Erling Jevne.
Under noregsmeisterskapen 1992 tok han bronse på 50 km og han deltok på Kirkenes sitt vinnarlag i 3&10 km stafett, saman med Vegard Ulvang og Magne Hellerud. I 1998 tok han NM-gull 15 km jaktstart og sølv på 30 km i klassisk stil.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1992: Nr 25 på 50 km i Vang 1993: Nr 10 på 25 km jaktstart under verdsmeisterskapen i Falun 1994: Nr 12 på 30 km i Falun 1995: Nr 15 på 50 km i Holmenkollen 1996: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen 1997: Nr 8 på 15 km i Falun 1997/98: Nr 7 på 10 km i Val di Fiemme 1998/99: Nr 21 på 30 km i Davos 1999/2000: Nr 5 på 10 km i Sappada 2000/01: Nr 4 på 15 på Beitostølen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1991: Nr 7 på 15 km i Misvær Ski-NM 1992: Bronsemedalje på 50 km i Molde Ski-NM 1993: Bronsemedalje på 30 km på Lillehammer Ski-NM 1994: Bronsemedalje på 50 km i Stor-Elvdal Ski-NM 1995: Nr 5 på 30 km i Oslo Ski-NM 1996: Nr 7 på 50 km i Stryn Ski-NM 1997: Nr 4 på både 10 km og 30 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Gullmedalje på jaktstart og sølvmedalje på 30 km i Berkåk Ski-NM 1999: Bronsemedalje på 50 km i Høylandet Ski-NM 2000: Nr 8 på 50 km i Vang Ski-NM 2001: Nr 4 på 10 km i Steinkjer
Trenar Våren 2003 overtok Sørgård som hovudtrener for det norske herrelandslaget i langrenn. Han hadde stor suksess under sitt første Ski-VM 2005 (Oberstdorf 2005) der det norske herrelaget tok tre gull og avslutta med trippelsiger på femmila. Eitt år seinare hamna dei norske løparane langt bak medaljeplassane under OL i Torino. Sørgård vart utsett for sterk kritikk, mellom anna for at han korkje tok med nokon skiskyttar eller unge Petter Northug. Sørgård trekte seg våren 2006 som landslagstrenar. Morten Aa Djupvik overtok som hovudtrenar etter Sørgård.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Denne artikkelen bygger på «Krister Sørgård» frå , den 31. januar 2011.
Bakgrunnsstoff Krister Sørgård i fis-ski.com
Kategori:Norske langrennsløparar