Planteklipparar er ei biologisk slekt Phytotoma av sporvefuglar i kotingafamilien Cotingidae. Dei var tidlegare i sin eigen familie, Phytotomidae.
Dette er robuste fuglar i open skog, kratt og på jordbruksland i sørlege og vestlege Sør-Amerika. Dei liknar finkar, og er blant dei få primært bladetande fuglar som finst, sjølv om dei òg et litt frukt, bær og blomar. Fellesnamnet er ein referanse til det kraftige nebbet med fine tennene langs ein kvass kant - ei tilpassing for å kutte plantemateriale.
Dei er kjønnsdikromatiske, med hannar som har svarte venger med kvite flekker, og delvis raudbrun underside. Fjørdrakta av hoene er gråkvit eller brunkvit med tette mørke striper.
Planteklipparar lever i par og legg 2-4 brunflekka grøne egg i reir plassert i tre. Berre hofuglen rugar, men begge kjønn deltar i reirbygginga og omsut for ungar. Ungane blir nesten utelukkande fôra med insekt.
Artslista Planteklipparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Peruplanteklippar, Phytotoma raimondii Argentinaplanteklippar, Phytotoma rutila Chileplanteklippar, Phytotoma rara
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Plantcutter» frå , den 29. januar 2011. Han gav følgjande referansar:
Referansar
Kategori:Kotingafamilien Kategori:Fugleslekter