Hans Jensen Blom () var ein norsk prest og stortingsmann frå Skien. Jens Hansen Blom var far hans.

Blom vart student frå Skiens skole i 1829, og cand. theol. seks år seinare. Han var i 2½ år lærar ved Stavanger skole, personellkapellan i Skudenes 1843. År 1848 vart han sokneprest i Tysvær, 1854 i Kinn og 1862 i Melhus. Til sist sokneprest i Fåberg 1871.

Blom representerte Stavanger amt på Stortinget 1848-54 og Nordre Bergenhus amt 1859-64. I 1848 var han medlem av næringskomite nr 1. Sidan var han odelstingspresident samt formann i næringskomite nr 1 1851 og -54, visesekretær i Stortinget og medlem av trykkekomiteen 1851. Han var på ny odelstingspresident 1859-64 og formann i næringskomite nr 1 1859-63. Dessutan var han 1859-64 medlem av valkomiteen og på omframstortinget 1864 formann i komiteen om senkinga av Øyeren. Blom var i 1860 medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Han var i 1850 medlem av ein kommisjon om vårsildfisket, og om nyreising av by i Sunnfjord/Nordfjord.

Blom døydde på Fåberg i 1875.

Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Skien