Fairport Convention er debutalbumet til Fairport Convention. Bandet vart danna i 1967 med den originale besetninga Judy Dyble og Ian MacDonald (seinare kjend som Iain Matthews) (vokal), Richard Thompson og Simon Nicol (gitarar), Ashley «Tyger» Hutchings (bass) og Sean Frater, erstatta etter den første konserten av Martin Lamble (trommer). Med denne besetninga gjorde dei den første store konserten sin i London på ein av Brian Epstein sine søndagskonsertar i Saville Theatre.

Med rock sterkt påverka av dei to første albuma til Jefferson Airplane (i motsetnad til den tradisjonelle engelske folkrocken dei seinare skulle verte kjende for) inneheld debutalbumet songar av Emitt Rhodes, Bob Dylan, Joni Mitchell, Jim & Jean, og ei tilpassing av eit dikt av George Painter, samt nokre originale songar.

Dette er den einaste Fairport Convention-plata med Judy Dyble. Ho vart erstatta i 1968 av Sandy Denny, men ho klarte å gjere seg merka den korte tida ho var i bandet, særleg sidan ho strikka oppvasklutar på scenen når ho ikkje faktisk song.

Albumet må ikkje forvekslast med Fairport Convention på A&M Records, som er den amerikanske utgjevinga av det andre britiske albumet deira, What We Did On Our Holidays. Det første albumet vart omsider gjeven ut i USA på Cotillion Records i 1970.

Innhald

Medverkande Judy Dyble - solovokal, elektrisk og akustisk autoharpe, blokkfløyte, piano Ian MacDonald - solovokal, munnspel Richard Thompson - vokal, sologitar, mandolin Simon Nicol - vokal, elektrisk 12- og 6-strengs og akustiske gitarar Ashley Hutchings - bassgitar, krukke, kontrabass Martin Lamble - perkusjon, fiolin med Claire Lowther - cello

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fairport Convention (album)» frå , den 25. januar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Fairport Convention-album Kategori:Album produserte av Joe Boyd Kategori:Polydor Records-album Kategori:Cotillion Records-album