Court and Spark er det sjette studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, utgjeve i januar 1974. Det selde raskt og godt og fekk god omtale. Albumet er blitt skildra som pop, men blanda òg inn folkrock-stilen til Mitchell, som ho hadde på dei tidlegare fem albuma sine, i lag med element av jazz.
Albumet nådde andreplassen i USA og gjekk heilt til topps i heimlandet Canada. Det selde til slutt til dobbel platinaplate i USA og var det bestseljande albumet gjennom karrieren hennar. Det nådde òg topp 20 i Storbritannia og vart kåra til det beste albumet i 1974 i Pazz & Jop-lista i The Village Voice, laga av ei rekkje kritikarar. I 2003 vart albumet plassert på 111. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Historie 1973 var det første året sidan Mitchell starta karrieren sin at ho ikkje gav ut eit nytt album. Det førre albumet hennar For the Roses kom ut i november 1972 til god kritikk og selde godt. Så Mitchell valde å bruke det neste året på å skrive og spele inn eit nytt album, der ho utforska den nye interessa si for jazz. I løpet av 1973 heldt ho langt færre konsertar enn tidlegare. Ho spelte i april ein veldedigheitskonsert på Sir George Williams University Auditorium og to gonger i august i The Corral Club, i lag med Neil Young. Ho brukte det meste av året i platestudio, der ho spelte inn Court and Spark. Mitchell og lydteknikaren Henry Lewy henta inn ei rekkje av dei beste musikarane i Los Angeles for innspelinga av albumet, inkludert medlemmar av The Crusaders, Tom Scott-bandet L.A. Express, Robbie Robertson, David Crosby & Graham Nash og til og med litt komikk frå Cheech & Chong.
Til slutt gav Reprise ut ein ny singel i desember, den første på over eit år, «Raised on Robbery». Publikum vart teken på senga over at Mitchell hadde gjeve ut ein rock'n'roll-song i 1950-talsstil. Singelen nådde berre 65. plassen på Billboard Singles Chart i februar 1974, kanskje på grunn av den nye, uventa retninga hennar.
Mottaking
Court and Spark kom ut i januar 1974. Kritikarane og tilhengjarane tok varmt i mot albumet, og den neste singelen hennar, «Help Me», som kom ut i mars, oppnådde stor suksess. Han vart mykje spelt på radio og vart den første og einaste Topp 10-plasseringa hennar på Billboardlista, då singelen nådde 7. plassen den første veka i juni. Songen gjekk til topps på Adult Contemporary-lista.
Court and Spark selde særs godt og nådde andreplassen på Billboardlista, og låg der i fire veker. Albumet vart det bestseljande albumet til Mitchell og låg der i fire veker. Berre Bob Dylan sitt Planet Waves, Barbra Streisand sitt The Way We Were og John Denver sitt Greatest Hits heldt albumet unna førsteplassen. Det nådde derimot toppen av dei amerikanske Cashbox og Record World-listene i ei veke kvar.
I eit intervju i juli 1979 med Cameron Crowe for Rolling Stone, fortalte Mitchell at ho spelte Court & Spark for Bob Dylan like etter ho hadde spelt det inn, og at han sovna under gjennomlyttingar.Rolling Stone article: «The Rolling Stone Joni Mitchell Interview», by Cameron Crowe. 26. juli 1979.
Songaren Stevie Nicks fortalte at ho tok LSD til albumet: «Eg var med produsenten min, heime hos han, føre nokre høgtalarar som var høgare enn peisen hans, og eg var på ein trygg stad. Og eg sat der på golvet og lytta til denne plata. Det var ei ganske dynamisk oppleving.»
Ærevisingar 27. februar 1974 hadde Court and Spark seld til gullplate i USA og 12. desember 1997 hadde det oppnådd dobbel platinaplate for to millionar selde eksemplar. I 1974, vart Court and Spark stemnd fram som årets album i The Village Voice av ei rekkje kritikarar. Albumet vart stemt fram til 116. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums i 2000. Rolling Stone har publisert tre lister over dei 500 beste albuma gjennom tidene og Court and Spark har vore med på alle utgåvene. I 2003 var det rangert på 111. plassen, i 2012 på 114. plassen og i 2020 på 110. plassen. I 2006 vart Court and Spark inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Grammyprisar
| style="width:35px; text-align:center;" rowspan="4"|1975 ||Court and Spark || Album of the Year || |- | rowspan="2"|«Help Me» || Årets singel|| |- | Beste kvinnelege popsong|| |- | «Down to You» (arrangør: Joni Mitchell and Tom Scott) || Beste instrumentalt arrangement som akkompagnement for ein vokalist||
Innhald
Medverkande Joni Mitchell – vokal, akustisk gitar, piano; clavinet Tom Scott – treblåseinstrument Joe Sample – elektrisk piano; clavinet Larry Carlton – elektrisk gitar Max Bennett – bassgitar John Guerin – trommer, perkusjon Andre medverkande Chuck Findley – trompet José Feliciano – elektrisk gitar Wayne Perkins – elektrisk gitar Robbie Robertson – elektrisk gitar Dennis Budimir – elektrisk gitar Wilton Felder – bassgitar Jim Hughart – bassgitar Milt Holland – røyrbjøller David Crosby – korvokal Graham Nash – korvokal Susan Webb – korvokal Cheech Marin, Tommy Chong – korvokal Teknisk Joni Mitchell — plateprodusent Henry Lewy and Ellis Sorkin — lydteknikarar Anthony Hudson – kunstnarisk leiar, design Joni Mitchell – måleri Norman Seeff — fotografi
Salslister
Vekeslister Liste (1974) PlasseringAustralske Kent Music Report34Kanadiske RPM-lista1Noreg - VG-lista18UK Albums Chart14U.S. Billboard Pop Albums2
Årslister Liste (1974) PlasseringDen kanadiske albumlista23U.S. Billboard Pop Albums13
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Court and Spark» frå , den 26. januar 2021.
Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Joni Mitchell-album Kategori:Asylum Records-album Kategori:Album spelte inn i A&M Studios Kategori:Album produserte av Henry Lewy Kategori:Album produserte av Joni Mitchell Kategori:Plateomslag av Joni Mitchell