Ingebrigt Ingebrigtsson Flønæs () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Selbu i Sør-Trøndelag.
Flønæs var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut frå Klæbu seminar i 1862 og var så huslærar eit halvår. Deretter var han ein vinter lærar i Ytterøy. Sidan var han lærar i heimbygda Selbu i 49½ år, tok avskjed til jul i 1912. Attåt gardbrukar på farsgarden frå 1871 til 1908.
Han var medlem av heradsstyret frå 1873 til 1904, ordførar 1874-94. Elles var han sparebank–«direktør» (dvs, styremedlem), medlem av fleire fylkeskommunale utval og komitear og hadde mange kommunale verv.
Flønæs var valmann fem gonger. Perioden 1880-82 var han 1. varamann til Stortinget. 1889-91 var han 3. representant frå Søndre Trondhjems amt på tinget, medlem av vegkomiteen.
På Stortinget kom han i 1890 med framlegg om at staten skulle gi ein premie på 20 kr per mål jord som vart rydda og dyrka opp av husmenn og småbrukarar.*
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Folk frå Selbu