mini|Demning ved Garreg Ddu Elan Valley-reservoara er ei rekkje kunstige innsjøar og reservoar i Elan Valley i Powys i Mid Wales, som nyttar elvane Elan og Claerwen. Reservoara er Claerwen, Craig Goch, Pen-y-Garreg, Garreg Ddu og Caban Coch.

Reservoara vart bygd for over hundre år sidan. Ei av dei store utfordringane var å leve dei enorme vassmengdene med berre hjelp av tyngdekrafta gjennom det åslendte landskapet og over elvedalane. Vatnet vart ført til Frankley-reservoaret utanfor Birmingham i West Midlands i England. Dette omfatta bygginga av den 117 km lange Elan-akevedukten, der vatnet renn med ein snøggleik på mindre enn 3 km/t, og det tar ein og ein halv dag for det å nå Birmingham.

Elan-akvedukten har berre eit fall på 52 meter, ein gradient på 1:2300. Ein kan sjå spor etter akvedukten fleire stader i form av mursteinsakvedukter, røyrleidningar og ventilhus i åssidene.http://www.geograph.org.uk/photo/619851

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elan Valley Reservoirs» frå , den 23. desember 2010. oppgav desse kjeldene: (N/A), (1955). City of Birmingham Waterworks: A Short History of the Development of the Undertaking, with a Description of the Existing Works and Sources of Supply. Birmingham: City of Birmingham, Water Committee. (Note: Published July 1954, on the 50 year Jubilee of the Elan Supply Scheme). Judge, Colin W. (1997). The Elan Valley Railway: The Railway of the Birmingham Corporation Waterworks. (OL 71) Headington: The Oakwood Press. (1997: ISBN 0-85361-517-9).

Bakgrunnsstoff Om reservoara Dambusters i Nant-y-Gro dam Luftfoto av Claerwen Elan Historic Landscape Abandoned Communities ... The Elan Valley reservoars

Kategori:Innsjøar i Wales Kategori:Reservoar i Wales