Llyn Fawr er ein innsjø i Cynondalen (walisisk Cwm Cynon) i Sør-Wales, mest kjend dei mange våpna og verktøya frå sein bronsealder og tidleg jernalder som er funne her.

Llyn Fawr har eit areal på 9,8 hektar og ligg sør for Rhigos i byen Aberdare i Rhondda Cynon Taff. Han ligg nær kjelda til elva Rhondda Fawr, 368 meter over havet, ved sidan av Craig y Llyn. Han var opphavleg eit mindre vatn, men vart omgjort til eit reservoar tidleg på 1900-talet.

Llyn Fawr-funna vart gjort mellom 1909 og 1913 under bygginga av reservoaret. Dei omfattar mange funn frå seint i bronsealderen, men òg fleire lekamar av jern, mellom anna eit sverd av Hallstatt-typen. I tillegg vart det funne ei spyd og ein krumkniv i jern. Av bronsefunna var det mellom anna to gryter og økser. Lekamane såg ut til å ha vorte plasserte ved vatnet som votivgåver. Ein trur sverdet er frå om lag 650 f.Kr., som gjer det til det tidlegaste jernfunnet i Wales.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llyn Fawr» frå , den 23. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Leslie Alcock (1972) The Irish Sea Zone in the Pre-Roman Iron Age CBE Research Report 9 Frances Lynch, Stephen Aldhouse-Green & Jeffrey L. Davies (2000) Prehistoric Wales (Sutton Publishing) ISBN 0-7509-2165-X

Bakgrunnsstoff Bronsegryte frå Llyn Fawr www.geograph.co.uk : bielte frå Llyn Fawr og omliggande område

Kategori:Arkeologiske stader i Wales Fawr