Velitsje Sjumulikoski () er ein makedonsk fotballspelar, som i 2011-sesongen spela på midtbanen for Tobol i den kasakhstanske toppdivisjonen. Han spelar òg på Makedonia sitt landslag.

Sjumulikoski har spelt for klubbar i toppdivisjonen i Slovenia, Tsjekkia, Russland og Tyrkia, og for Ipswich Town og Preston North End på nest høgste nivå i England. Han kom til Ipswich frå tyrkiske Bursaspor i januar 2008. Han spelte 42 ligakampar for Ipswich fram til august 2009, då han vart selt til Preston for om lag 400 000 pund. Han spelte 15 ligakampar for Preston fram til desember 2009, men etter at klubben då fekk ny manager, spelte ikkje Sjumulikoski fleire kampar for Preston. Han vart slept fri frå kontrakten sin med klubben i mai 2010 og skreiv under for den russiske toppserieklubben Sibir Novosibirsk i august same året. Sibir rykte ned frå den russiske toppdivisjonen i 2010-sesongen, og Sjumulikoski gjekk då til Tobol i Kasakhstan.

Sjumulikoski debuterte for Makedonia sitt A-landslag i 2002.

Kategori:Makedonske fotballspelarar Kategori:Zenit St. Petersburg-spelarar Kategori:Bursaspor-spelarar Kategori:Ipswich-spelarar Kategori:Preston-spelarar Kategori:Sibir Novosibirsk-spelarar