Seljevoll, tidlegare skrive Sellevoll og Seljevold, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 7.
Geografi Seljevoll ligg inst i Skifjorden. Garden grensar til Sandnes i sør, til Fjaler kommune i vest og nord og til Myklebust i aust. Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden.
Historie Garden skal ha vore i eiga til brukarane før han i 1618 vart kongegods. Sidan kom Seljevoll under Svanegodset før garden så var i eiga til lokale embetsmenn frå 1720-åra. I skattematrikkelen frå 1647 er garden lista som audegard. Leiglendinge kjøpte seg ut i 1787 og 1793. I 1639 var garden vorten delt i to jamstore bruk.
Namnet Fyrstelekken i namnet kjem av treslaget selje og sistelekken «voll» tyder grasslette. I kjeldene er namnet skrive «Seleuold» (1603), «Selleuoldt» (1608), «Setteuold» (1667) og «Sællevold» (1723).
Seljevoll er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet òg.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Seljevoll» i 2003.
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn, men plar då skrivast «Sellevold».
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff «Seljevoll» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Sellevoll» i matrikkelutkastet av 1950 «Seljevold» i gardsmatrikkelen for 1886 Per Bygnes: «Notastein frå Kleberskaret» på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
Kategori:Gardar i Hyllestad