Gelson Tavares Fernandes () er ein sveitsisk fotballspelar som hausten 2011 var på utlån til engelske Leicester City frå franske AS Saint-Étienne. Gelson Fernandes er syskenbarnet til den portugisiske fotballspelaren Manuel Fernandes.
Karriere
Som femåring flytte Fernandes saman med mor si frå Kapp Verde-øyane til Sitten i Sveits, der faren hadde fått arbeid. I 1995 tok han til å spela fotball på juniorlaget til FC Sion. I 2004 gjekk han over på fyrstelaget deira, og spelte 99 kampar for Sion før han signerte kontrakt med engelske Manchester City. Han blei i City i to sesongar før han skreiv under på ein toårskontrakt med franske AS Saint Étienne i 2009. Den 30. august 2010 vart det kunngjort at Fernandes vart lånt bort til Chievo Verona. Lånet kan omgjerast til kjøp.
På landslagsnivå spelte Fernandes 4 kampar for det sveitsiske U21-landslaget, og var kaptein i ein kamp. I 2007 gjekk han over i fyrstelandslaget, og har til no spelt 27 kampar for dei. Han vart teken ut til den sveitsiske troppen i Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika, og skåra det einaste målet mot Spania. Kampen enda 1-0 til Sveits, til stor glede for sveitsarane. Diverre vart dette også det einaste målet Sveits skåra i meisterskapen. Dei vart slått ut i gruppespelet, medan Spania gjekk vidare til å vinna finalen.
Kjelder
Tysk og engelsk wikipedia om Fernandes.
Kategori:Sveitsiske fotballspelarar Kategori:Sion-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Saint-Étienne-spelarar Kategori:Chievo-spelarar Kategori:Leicester-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014