Salomon Armand Magloire Kalou () er ein ivoriansk fotballspelar som har spelt for franske Lille sidan 2012. Han er bror til fotballspelaren Bonaventure Kalou.

Karriere

Salomon Kalou starta karrieren sin i det lokale laget ASEC Mimosas, og spelte både for juniorlaget og fyrstelaget deira. I 2003 signerte han kontrakt med nederlandske BSV Excelsior før han kom til Feyenoord Rotterdam. Han hadde stor suksess i begge klubbane og vart verande i Feyenoord til 2006, då han vart kjøpt opp av Chelsea. Etter seks sesongar i England gjekk han til Lille i Frankrike i 2012. Han vart Lille sin toppskårar i serien i 2012/13- og 2013/14-sesongen.

Nederlandsk statsborgarskap

Kalou forsøkte opphavleg å oppnå nederlandsk statsborgarskap så han kunne spela på det nederlandske landslaget. Ein søknad vart skriven om å få ei raskare naturalisering for Kalou, og Kalou fekk stønad i saka av fleire innan nederlandsk fotball, men søknaden fekk avslag frå innvandringsminister Rita Verdonk. Kalou tok deretter saka opp i retten, og vann rettssaka den 9. desember 2005. Verdonk vart då dømd til å revurdera avslaget. Verdonk bestemte seg seinare for å anka, og Kalou har no gjeve opp å få nederlandsk statsborgarskap. Dette var ein av grunnane til at Kalou gjekk over frå Feyenoord til Chelsea.

Ivoriansk landslag

Kalou hadde fått fleire innkallingar til å vera med på det ivorianske landslaget, og takka ja for fyrste gong i februar 2007. Sidan då har han spelt i Afrikameisterskapen i fotball, og han vart også teken ut i den ivorianske troppen i Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han eitt av måla i kampen mot Nord-Korea som enda 3 - 0 til Elfenbeinskysten. Elfenbeinskysten kom diverre ikkje lenger enn gruppespelet. I 2014 spelte han igjen i alle Elfenbeinskysten sine tre kampar i VM i Brasil.

Kjelder Engelsk wikipedia om Salomon Kalou.

Kategori:Ivorianske fotballspelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Ivorianske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014