Jens Severin Gasmann () var ein norsk sjømann, forretningsmann og politikar frå Gjerpen.
Far hans var prokurator. Sjølv reiste han til sjøs og vart skipper i 1798. Ein periode sigla han for Jørgen Aall.Han deltok i kanonbåtkrigen mellom Danmark-Noreg og Storbritannia som sekretær til admiral Fisker.Storgaden nr. 186, av Finn C. Knudsen. Porsgrunn offentlige bibliotek. I 1812 gjekk han i kompaniskap med kjøpmann Hans Møller i Porsgrunn, og dreiv handel der. Han bygde eit brennevinsbrenneri i 1818 og dreiv 1821-24 handel i Skien. Frå 1822 var han hamnefut i Porsgrunn, frå 1826 i tillegg losoldermann og meklar. Elles var han forlikskommissær og britisk konsul.
Gasmann var 2. varamann til Stortinget i 1824 for krinsen Skien og Porsgrund. Han møtte likevel på tinget, då den valde representanten var sjuk og valet av varamannen vart underkjent. Han var medlem av komiteane om kjøpstadskatten og om staten sine fordringar mot firma Møller & Co.
I 1837, ved det fyrste kommunale valet, vart Gasmann vald til varaordførar i Porsgrunn. Jørgen Flood vart ordførar, «etter innbyrdes overenskomst imellom formennene».Kommunalt styre. Administrasjon og finanser, i bind to av Porsgrunns historie, av Joh. N. Tønnessen. Porsgrunn offentlig bibliotek. Gasmann var ordførar i 1839-40 med Flood som varaordførar.Ordførere og viseordførere, av Carl Lund. Porsgrunn offentlig bibliotek. I 1843 var han med i ein kongeleg kommisjonen om emigrasjonsspørsmålet.
Gasmann døydde i Porsgrunn i 1850.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bokmålswikipedia
Notar
Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar for Skien og Porsgrunn Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Porsgrunn Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Folk frå Skien