Groruditt er ein særs hard, seig og sterkt grøn gangbergart.
Groruditt er ein sjeldan bergart som berre finst i riftsoner som Oslofeltet. Her finst han i ei stripe frå Grorud til Årvollåsen. Groruditten er en gangbergart med granittisk samansetnad, og den grøne fargen kjem av innhaldet av ægirin. Groruditt må ikkje bli forveksla med grorudgranitt, som også finst i Oslofeltet.
Dei skarpe brotflatene i groruditt gjer han godt eigna til å lage økser av, og i steinalderen var han ettertrakta reiskapsmateriale som erstatning for flint, som ikkje finst naturleg her i landet.
Fotnoter
Kjelder Kulturminneatlas for Groruddalen. Den tidlige historien.(pdf) Dons, Johannes A 1977: Geologisk fører for Oslo-trakten, Universitetsforlaget Om Groruditt på lokalhistoriewiki.no
Kategori:Vulkanske bergartar Kategori:Geologi i Oslo Kategori:Nordmarka