Kan du teksten? er eit norsk gameshow som gjekk på TV 2 i 2008 og 2009. Det er basert på amerikanske Don't Forget the Lyrics!. Programmet gjekk ut på å hugsa songtekstar, og ein trengde ikkje god songstemme for å vinna. Ein deltakar kunne maksimalt vinna ein halv million kroner. Programleiarane var Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam frå rap-duoen MadCon.
Kan du teksten? starta opp på TV 2 etter påska 2008, på ein tysdag. Premieren av programmet hadde 460 000 sjåarar.
Kjelder
Kategori:Norske fjernsynsseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra